Pelsstell
Alle hunder krever pelsstell. Tsvetnaya Bolonka er ein rase som har tett voksande pels som MÅ trimmes eller klippes for å ikkje få røyteperioder som andre hunder har (ofte to ganger i året, sommer/vinter). Hunder som ikkje har slike røyteperioder kalles ofte røytefri. Behovet for pelsstell varierer etter pelstypen.
Ofte krever dei røytefrie rasane eindel pelsstell for å vedlikeholde pelsen. Så det er viktig å begynne allerede frå valpestadiet å stelle og venne hunden til både pelsstell og stell av øyrer, kloklipp osv. Tsvetnaya Bolonka er utruleg flotte når dei er i fullpels. I rasestandarden står det at pelsen skal vere tett og tykk, myk, med store krøller eller bølget.
Mange vel å klippe pelsen for å lette pelsstellet, men da må ein passe på å ikkje klippe ved øyrene og halen.
BØRSTING
Allerede frå kvelpestadiet er det viktig å fokusere og venne hunden til å stelles. Korleis ein venner hunden til dette varierer, nokon bruker bord, andre har hunden i fanget under pelsstellet. Uannsett er det viktig at man bruker tid, ros, og godbiter. Det beste tipset er nok å ikkje være for ambisiøs i begynnelsen, i likhet med så mykje anna i kvelpeperioden er stell noko som skal innlærast. Start med korte økter med masse ros, etterkvart som kvelpen er komfortabel kan man utvide øktene. Målet med børstinga er å holde hunden tovefri, etterkvart som pelsen veks seg lang. Hunder som er røytefrie feller også død pels og underull (ikkje alle raser har underull). Spesielt oppmerksom bør ein vere på områdene der pelsen lett tover seg, øyrene, på halsen, under magen og spesielt armhulene.
Kva gjer ein dersom ein får tovar/floker i pelsen?
Det beste for å unngå flokar er å børste hunden kvar dag. Gjer det til ei kosestund med ein godbit eller to. Snøen gjer det ekstra vanskelig å holde pelsen flokefri. Så da må ein vere ekstra nøye med pelsstellet. Før ein set i gang med børsting etter at pelsen er blitt skikkelig tova er det greit at hunden er dusja med ein hundeshampoo som har balsam i seg, eller at ein bruker balsam etter shampoonering. Eg bruker å dusje hunden minimum 1 gong i måneden, og under magen og på beina etter kvar gong me har vore ute der ho har blitt skitten. Etter dusjing tørker eg hunden med eit håndkle får så å føne hunden. Deretter børster eg hunden med ein stålbørste/hundebørste i småe områder om gangen, la gjerne hunden bestemme litt kvar den vil børstes, du kan alltids komme tilbake til det området seinare. Det går og an å bruke flokespray og flokekutter som kutter floken og dermed gjer den lettere å gre ut.
Poter og klør
Stell av poter og klør er og voldsomt viktig. Her er vel stikkordet tolmodigheit, om kvelpen/hunden er motvillig må ein sørge for å ikkje bli sint eller kjefte, ein kjem sjeldan langt med det. Det er viktig å lage trygge rammer rundt det heile slik at hunden ikkje blir nervøs. Det at du stråler ut sjølvsikkerheit smitter over på hunden og den blir mindre nervøs. Eg brukar å legge hunden på skrivebordet mitt med godt lys, medan eg har armen godt rundt hunden slik at den ligg i ro. Hunden skal likevel ikkje føle at det er noko som den er tvungen til å gjere, men ver bestemt og ta den tiden det trengs. Dersom ein er forsiktig og ikkje klipper for langt blir hunden etterkvart tryggere på heile kloklippen. Er ein usikker på korleis og kor mykje ein skal klippe så kan ein få oppdretter eller vetrinær til å vise deg teknikken fyrste gongen. Klipp heller klørne lite, men oftare. Det er viktig å ha bra utstyr, ein må ha ein god kloklipper. Skulle ein vere uheldig å klippe for langt inn og hunden byrja å blø går det an å bruke "Klip-stop" blodstopp på kloen, dette får ein kjøpt på ein dyrebutikk. Er ein skikkelig uheldig å klipper skikkelig langt og hunden ikkje stoppar å blø etter ei stund bør ein oppsøke veterinær.
Under potane bør ein klippe bort pels som veks mellom tredeputene, dette for at den ikkje skal kladde i snø og ta med seg altfor mye skitt, sand osv. Her er det lurt å bruke ei potesaks som har butt ende for at ein ikkje skal stikke tredeputene. Ein bør sjølvsagt vere forsiktig når ein fjerner pelsen her. Dersom hunden får seg ein ubehageleg opplevelse går det lang tid å få den til å gløyme det.
Auge
Hunden får som oss menneske augerusk, dette bør fjernast kvar dag så det ikkje tørker inn eller flokar seg under augene. Dersom hunden har hår eller snurk inne på augene fjern det, slik at augene ikkje blir irriterte eller renner. Er hunden plaga med rennende auger kan det vare greit å undersøke moglegheita for at den kan ha tette tårekanalar eller andre problemer med augene. Klipp gjerne pelsen litt vekk frå augene slik at dei ikkje blir irriterte av pels som stadig kjem innpå augene.
Øyrer
Øyregangane skal holdes fri for hår, dette fordi øyrene da er lettere å holde reine samt at ein lettare unngår infeksjoner. Håra i øyregangen sitter ganske laust og er dermed forholdsvis lett å fjerne. Likevel er det forskjellige teknikker og tips i forhold til korleis dette skal gjerast. Dette er også ein del av stellet som ein bør trene på frå hunden er kvelp. Når du skal nappe øyrene skal du ikkje ta meir enn 2-3 hårstrå i gongen og dra meir enn du nappar. Altså ikkje napp/rykk håra ut, ved å dra skal dei følgje med nokså lett uten å vere nevneverdig ubehagelig for hunden. IKKJE stikk noko som helst inn i øyrene til hunden, altså q-tips, saks o.l må ikkje komme i nærheita av øyregangen til hunden. Når ein renser øyrene bør ein heller bruke bomull/klut og vaske ytterst i øyre. Ein kan og kjøpe øyrerens av veterinæren som ein kan ha i nokre dråpar av. Pelsen på øyrene til Tsvetnaya Bolonka er lang, sørg og for at øyrene er flokefri.
Store deler av informasjonen er henta frå Nina Håseth http://www.freewebs.com/bolonkazwetna/